Debatt om nynorsk som sidemål

Debatten om nynorsk som sidemål dukkar opp med jamne mellomrom i media. I denne oppgåva skal du lese to avisinnlegg kor debattantane har ulikt syn på nynorsk.

"Sidemålsdebatten er fylt av kunnskapslause påstandar om nynorsk" av Guro Stordrange 

Du finn teksten i nettressursane under her. 

 

Oppgåve før du les teksten:

Sjå på tittelen. Kva for "kunnskapslause påstandar" trur du Stordrange kjem til å trekkje fram i artikkelen sin?

 

Oppgåver etter du har lese teksten: 

  1. Kvifor er ikkje sidemål og nynorsk det same?
  2. Kvifor peiker Stordrange på at det er dumt å skulde på nordlendingane når ein er fortvila over nynorsk?
  3. Stordrange meiner at det er feil å berre karakterisere nynorsk som oppkonstruert, for bokmål, dansk og samisk er også det. Har ho rett i det?
  4. Eit velkjent argument mot nynorsk er at "ingen snakkar reint nynorsk". Kvifor er dette ikkje eit særskilt bra argument? Trekk inn bokmål i svaret ditt.
  5. Stordrange skriv seks punkt for korleis ein kan sjå på nynorsk og dei som nyttar nynorsk. Kan du formulere desse seks punkta med eigne ord?
  6. På kva måte bruker Stordrange logos i teksten sin? Vis til konkrete eksempel frå teksten.
  7. På kva måte bruker Stordrange patos i teksten sin? Vis til konkrete eksempel frå teksten.
  8. Synest du at forfattaren oppnår etos gjennom teksten sin? Er teksten truverdig slik du ser det? Kvifor eller kvifor ikkje? Hugs å grunngi svaret ditt.
  9. Kva er formålet med denne teksten?

 

"Sidemål er skivebom. Vi burde heller lære noe nyttig." av Helene Sofie Vikse Fanebust

Du finn teksten i nettressursane under her. 

 

Oppgåve før du les teksten: 

Kva er poenget med å gå på skolen, slik du ser det?

 

Oppgåver etter du har lese teksten:

  1. Ho innleier teksten sin med: "Jeg elsker å skrive…" Kva funksjon har det?
  2. Ho skriv: "Når jeg blir tvunget til å skrive på en annen målform, klarer jeg ikke utfolde meg." Kvifor er nynorsken så hemmande på ho?
  3. Ho vil gjerne bytte ut sidemålsundervisninga med "Kurs i livsmestring eller timer om hvordan inntekt, regninger og penger skal håndteres i voksen alder…." og meiner at dette er nyttige emne. Er du eining med ho? Kvifor eller kvifor ikkje?
  4. Kva verkemiddel er det ho nyttar seg av her og kva effekt har det: Nynorsken "skal liksom være en del av nasjonalfølelsen, og dersom jeg ikke kan skrive en stil på nynorsk, blir det norske passet mitt inndratt."
  5. Ho meiner det er viktig å lære seg språkhistorie, men ikkje å skrive på sidemålet sitt. Er du einig eller ikkje?
  6. På kva måte brukar Fanebust logos i teksten sin? Vis til konkrete eksempel frå teksten.
  7. På kva måte brukar Fanebust patos i teksten sin? Vis til konkrete eksempel frå teksten.
  8. Tykkjer du at forfattaren oppnår etos gjennom teksten sin? Er teksten truverdig slik du ser det? Kvifor eller kvifor ikkje? Hugs å grunngi svaret ditt.
  9. Går Fanebust i den fella som Stordrange skriv om i teksten sin, nemleg at mange set likskapsteikn mellom sidemål og nynorsk når ho skriv "Nynorsk er en viktig del av tradisjonen, kulturen og historien, men jeg lurer på om politikerne er klar over at mange sidemålselever mangler grunnleggende kunnskap"?
  10. Kva veit du om Ivar Aasen, Moltke Moe og Knud Knudsen? Skriv ned alt det du veit frå før og bruk gjerne ulike kjelder til å skaffe deg kunnskap om desse .
  11. I læreboka frå side 234 kan du lese om språkhistorie på 1800-talet med fornorskingslinja og folkemålslinja som dei to sentrale retningane skriftspråket vårt tok. Skriv ein tekst på om lag 250 ord der du gjer greie for kvifor vi har to skriftspråk i Noreg i dag og korleis situasjonen er for dei to språka nå. Bruk læreboka og tekstane til Fanebust og Stordrange som kjelder i svaret ditt.