Velkommen til nynorskkurs!

Du som tek påbyggkurset og har bokmål som hovudmål, har truleg ikkje skrive nynorsk på ei stund. Derfor treng du kanskje å repetere den grunnleggjande grammatikken og skrivereglane for nynorsk. Dette nynorskkurset er laga spesielt med tanke på å hjelpe deg som skal opp til skriftleg eksamen i nynorsk som sidemål. Vi tek for oss dei viktigaste reglane, og gjev deg nyttige tips om korleis du kan lykkast med å skrive korrekt nynorsk til eksamen.

Nyttig å vite om nynorsk

Nedanfor kan du lese litt om kva som kjenneteiknar nynorsk generelt, og om nokre overordna skilnader mellom nynorsk og bokmål. Dette kan vere nyttig å ta med seg før du les meir om einskilde ordklassar og spesifikke reglar.

Byggjer på talemål

Som du kanskje veit, byggjer nynorsk på norske dialektar, i motsetnad til bokmål, som i utgangspunktet byggjer på dansk skriftspråk. Denne kunnskapen kan du dra nytte av når du skal skrive nynorsk. Det er til dømes mange i Noreg som seier kjem i staden for kommer. Mange bruker òg diftong i ord som veit, stein, ein, ei og eit, og dei fleste seier fram, ikkje frem. Både kjem, veit, stein, ein, ei, eit og fram er eineformer i nynorsk.

Meir a enn i bokmål

Det er generelt meir a i formverket i nynorsk enn i bokmål. Du finn a-en både i hankjønn fleirtal (ein tekst, fleire tekstar), i bøyinga av såkalla a-verb (å spele – spelar – har spela), i adjektivbøyinga (rik – rikare – rikast), og dessutan i ein del einskilde ord som er mykje brukt (fram, trass alt, gamal).

Stor vokalrikdom og mange ulike endingar

Nynorsk har òg større vokalrikdom og fleire ulike endingar på orda enn bokmålet. Vokalrikdomen gjer blant anna at nynorsk har fleire vokalskifte i bøyinga av dei sterke verba. På nynorsk bøyer ein til dømes verba å lese og å skrive slik i dei ulike tidene: å skrive – skriv – skreiv har skrive, å lese – les – las – har lese. Vi har òg ulike fleirtalsendingar på substantiv i hankjønn og hokjønn i nynorsk, som i orda heltar og heltinner. I bokmål har vi -er i fleirtal av både hankjønns- og hokjønnsord. Dei mange formene gjer at du må vere særleg merksam på nynorskformer som skil seg frå dei formene du bruker i bokmål.

Ny rettskrivingsreform i 2012

I 2012 blei det vedteke ei ny rettskriving for nynorsk. Da blei nokre av dei formene som har vore tillatne før, fjerna. Det gjer at du kan møte former i tekstar du les, som du sjølv ikkje har lov til å bruke. Det gjeld blant anna perfektumendingar på  -i som har vori og har lesi. No er det berre tillate å skrive har vore og har lese. Når du bruker ordbøker eller ordlister, må du passe på at dei er tilpassa 2012-rettskrivinga.