Korrekt nynorsk på kort tid

Korrekt nynorsk på kort tid

For å bli god i nynorsk på kort tid kan det vere lurt å følgje desse råda:

  • Lær deg hovudreglane for bøying av substantiv og verb først. Det er desse orda du skal skrive flest av.
  • Lag ei liste over ord du bruker ofte, og lær deg å bøye desse orda rett. Til eksamen skal du skrive om norskfaglege tema, og du skal heilt sikkert skrive om tekstar. Da må du til dømes kunne bøye substantiv som ein tekst, ein forfattar, eit eksempel, eit bilde og eit verkemiddel. Viktige verb er å lese, å skrive, å synast, å kom(m)e, å vere og å bli.
  • Lær deg å bruke ordboka. Du må blant anna lære deg kva dei ulike forkortingane i ordboka står for, slik at du verkeleg kan utnytte moglegheitene i ordboka eller ordbokprogrammet.
  • Lær deg å utnytte bruksmåtane i tekstbehandlingsprogrammet du bruker. Du kan få god hjelp av nynorsk stavekontroll og autokorrektur, og dette er verktøy som det er tillate å bruke til eksamen. Du kan likevel ikkje stole blindt på tekstbehandlingsprogrammet. Dersom du til dømes skriv spille ei rolle, vil ikkje tekstbehandlingsprogrammet markere ordet spille som feil, sjølv om det er det. Det finst nemleg eit verb som heiter å spille på nynorsk, men dette verbet tyder å søle. Uttrykket spille ei rolle heiter spele ei rolle på nynorsk.
  • Les så mange nynorske tekstar som mogleg. Dette kan hjelpe deg til å øve opp språkkjensla for nynorsk. Spør på biblioteket om hjelp til å finne bøker på nynorsk om noko som interesserer deg. På nettstaden til Nynorsksenteret (http://www.nynorsksenteret.no/) kan du òg finne gode lesetips. 

 

Kjelder for heile kurset: 

Berge, Anne Lene (2013) Nye vegar til nynorsk. Cappelen Damm

Språkrådet http://www.sprakradet.no/