Substantiv, hankjønn

Substantivbøyinga

Substantiv er namn på ting og fenomen. Framfor dei substantiva vi kallar fellesnamn, kan vi setje orda ein, ei eller eit: ein roman, ei novelle, eit dikt.

Substantiva er anten hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn, og desse blir bøygde ulikt. For å få rett bøying må du altså vite både kva slags kjønn substantivet har, og korleis ein bøyer substantiv av ulike kjønn.

Kva slags kjønn har substantivet?

Som regel har substantiva same kjønn på bokmål og nynorsk, men det er nokre unntak. Et medlem heiter til dømes ein medlem på nynorsk.

På bokmål kan du bøye mange ord som både hankjønnsord og hokjønnsord. Du kan skrive en bok og en setning eller ei bok og ei setning. På nynorsk du bøye slike ord som hokjønnsord. Det heiter ei bok og ei setning.

Merk deg at nokre ord som blir bøygde som eitt kjønn på bokmål, kan bli bøygde som to kjønn på nynorsk. Du kan for eksempel skrive både ein tekst og ei tekst. Ein del ord som sluttar på -skap, kan bli bøygde som både hankjønnsord og inkjekjønnsord: ein bodskap, ein forfattarskap eller eit bodskap, eit forfattarskap. Du vel sjølv om du vil bøye desse orda som hankjønnsord eller inkjekjønnsord, men du må vere konsekvent og bøye ordet på same måte kvar gong i same tekst.

Hankjønnsord

I ordboka er hankjønnssubstantiva markerte med m for maskulinum.

Dei fleste hankjønnsorda bøyer ein slik på nynorsk:

Eintal

Fleirtal

Ubunden form

Bunden form

Ubunden form 

Bunden form

ein roman

romanen

romanar

romanane

 

Ein del hankjønnsord kan du bøye med både -ar/-ane og med -er/-ene i fleirtal. Det gjeld blant anna alle hankjønnsord som sluttar på -nad og på -a. For å gjere det enklast mogleg kan du velje å følgje hovudregelen for hankjønnsord og bøye desse orda med -ar og -ane:

ein bunad – bunaden – bunader/bunadar – bunadane/bunadane

ein kollega – kollegaen – kollegaer/kollegaar – kollegaene/kollegaane

 

Ver særleg merksam på hankjønnsord som sluttar på -ar i ubunden form, til dømes ordet forfattar. Her må du hugse på å leggje på ein ekstra -ar i fleirtal:

ein forfattar – forfattaren – forfattarar – forfattarane

Nokre få, men vanlege hankjønnsord har spesiell bøying. Lær deg desse:

Eintal

Fleirtal

Ubunden form

Bunden form

Ubunden form

Bunden form

ein bror

ein far

ein fot

ein mann

ein sko

broren

faren

foten

mannen

skoen

brør

fedrar

føter

menn

sko/skor

brørne

fedrane

føtene

mennene

skoa/skorne

Nettressurser