Substantiv, hokjønn
I ordboka er hokjønnssubstantiva markerte med f for femininum.
Dei fleste hokjønnsorda bøyer ein slik på nynorsk:
Eintal |
Fleirtal |
||
Ubunden form |
Bunden form |
Ubunden form |
Bunden form |
ei novelle |
novella |
noveller |
novellene |
Hokjønnsord som sluttar på -ing, må ha -ar og -ane i fleirtal:
ei handling – handlinga – handlingar – handlingane
Nokre hokjønnsord kan du bøye med både -er/-ene og med -ar/-ane i fleirtal. For å gjere det enklast mogleg kan du velje å følgje hovudregelen for hokjønnsord og bøye desse orda med -er og -ene:
ei elv – elva – elvar/elver – elvane/elevene
Nokre få, men vanlege hokjønnsord har spesiell bøying. Lær deg desse:
Eintal |
Fleirtal |
||
Ubunden form |
Bunden form |
Ubunden form |
Bunden form |
ei dotter ei mor ei søster/syster |
dottera mora søstera/systera |
døtrer mødrer søstrer/systrer |
døtrene mødrene søstrene/systrene |
Test deg selv
Nettressurser
-
Øvingar i hokjønnsbøyinga
(elevrom.sprakradet. no) Øvingar i hokjønnsbøyinga på nettstaden til Språkrådet.