Substantiv, hokjønn

I ordboka er hokjønnssubstantiva markerte med f for femininum.

Dei fleste hokjønnsorda bøyer ein slik på nynorsk:

Eintal

Fleirtal

Ubunden form

Bunden form

Ubunden form

Bunden form

ei novelle

novella

noveller

novellene

 

Hokjønnsord som sluttar på -ing, må ha -ar og -ane i fleirtal:

               ei handling – handlinga – handlingar – handlingane

 

Nokre hokjønnsord kan du bøye med både -er/-ene og med -ar/-ane i fleirtal. For å gjere det enklast mogleg kan du velje å følgje hovudregelen for hokjønnsord og bøye desse orda med -er og -ene:

               ei elv – elva – elvar/elver – elvane/elevene

 

Nokre få, men vanlege hokjønnsord har spesiell bøying. Lær deg desse:

Eintal

Fleirtal

Ubunden form

Bunden form

Ubunden form

Bunden form

ei dotter

ei mor

ei søster/syster

dottera

mora

søstera/systera

døtrer

mødrer

søstrer/systrer

døtrene

mødrene

søstrene/systrene

Test deg selv

Nettressurser