Substantiv, inkjekjønn
I ordboka er inkjekjønnssubstantiva markerte med n for nøytrum.
Dei fleste inkjekjønnsorda bøyer ein slik på nynorsk:
Eintal |
Fleirtal |
||
Ubunden form |
Bunden form |
Ubunden form |
Bunden form |
eit dikt |
diktet |
dikt |
dikta |
Merk deg spesielt at inkjekjønnsorda aldri har ending i ubunden form fleirtal! Det gjeld òg inkjekjønnsord med fleire stavingar, som ordet eit verkemiddel – mange verkemiddel. Her er det mange bokmålselevar som gjer feil, ettersom dei fleirstava inkjekjønnsorda har ending i bokmål.
Nokre få, men vanlege inkjekjønnsord kan du bøye både etter hovudregelen og på ein spesiell måte i fleirtal. For å gjere det enklast mogleg kan du velje å følgje hovudregelen for inkjekjønnsorda her òg:
eit auge – auget - auge – auga (eller: eit auga – auga – augo – augo)
eit barn – barnet – barn – barna (eller: eit barn – barnet – born – borna)
Nokre vanlege framandord er inkjekjønnsord med spesiell bøying. Lær deg desse:
Eintal |
Fleirtal |
||
Ubunden form |
Bunden form |
Ubunden form |
Bunden form |
eit faktum eit medium eit museum |
faktumet mediet museet |
faktum/fakta medium museum |
faktuma/faktaa media musea |
Test deg selv
Nettressurser
-
Øvingar i inkjekjønnsbøyinga
(elevrom.sprakradet. no) Øvingar i inkjekjønnsbøyinga på nettstaden til Språkrådet. -
Øvingsrekkje
(elevrom.sprakradet. no) Øvingsrekkje for heile substantivbøyinga på nettstaden til Språkrådet.