Substantiv, inkjekjønn

I ordboka er inkjekjønnssubstantiva markerte med n for nøytrum.

 

Dei fleste inkjekjønnsorda bøyer ein slik på nynorsk:

Eintal

Fleirtal

Ubunden form

Bunden form

Ubunden form

Bunden form

eit dikt

diktet

dikt

dikta

 

Merk deg spesielt at inkjekjønnsorda aldri har ending i ubunden form fleirtal! Det gjeld òg inkjekjønnsord med fleire stavingar, som ordet eit verkemiddelmange verkemiddel. Her er det mange bokmålselevar som gjer feil, ettersom dei fleirstava inkjekjønnsorda har ending i bokmål.

Nokre få, men vanlege inkjekjønnsord kan du bøye både etter hovudregelen og på ein spesiell måte i fleirtal. For å gjere det enklast mogleg kan du velje å følgje hovudregelen for inkjekjønnsorda her òg:

               eit auge – auget - auge – auga (eller: eit auga – auga – augo – augo)

               eit barn – barnet – barn – barna (eller: eit barn – barnet – born – borna)

 

Nokre vanlege framandord er inkjekjønnsord med spesiell bøying. Lær deg desse:

Eintal

Fleirtal

Ubunden form

Bunden form

Ubunden form

Bunden form

eit faktum

eit medium

eit museum

faktumet

mediet

museet

faktum/fakta

medium

museum

faktuma/faktaa

media

musea

Nettressurser