Sterke verb
Sterke verb er verb som ikkje får ending i preteritum. Dei fleste får heller ikkje ending i presens. Unntaket er nokre korte verb som å gå – går. Dei fleste av dei sterke verba får vokalveksling, til dømes mellom e og a som i lese – les – las – har lese:
Infinitiv |
Presens |
Preteritum |
Perfektum |
å lese |
les |
las |
har lese |
å skrive |
skriv |
skreiv |
har skrive |
å finne |
finn |
fann |
har funne |
å gå |
går |
gjekk |
har gått |
Dei to verba å vere og å bli er sterke verb. Desse verba bruker du svært ofte. Lær dei!
å vere – er – var – har vore
å bli – blir – blei – har blitt
Nokre vanlege sterke verb
Infinitiv |
Presens |
Preteritum |
Perfektum |
å be å bere å binde å bite å bli å brenne å bryte å dra å drepe å drikke å drive å ete å falle å fare å finne å fly å flyte å fryse å få å gi å gje(ve) å gjelde å grave å gripe å gråte å gå å halde å henge å kom(m)e å la å la å le å lese å ligg(j)e å lyge/ljuge å nyte å pipe å rekke å rive å ryke å sige å sitje/sitte å sjå å skine å skjelve å skjere å skrike å skrive å skyte å skyve å sleppe å slite å slå å sove å sprekke å sprette å springe å stele å stige å stikke å stryke å stå å svike å syng(j)e å ta trenge å vekse å vere å verte å vinne |
ber ber bind bit blir brenn bryt dreg/drar drep drikk driv et fell fer finn flyg/flyr flyt frys får gir gjev gjeld grev grip græt går held heng kjem lèt lar ler les ligg lyg nyt pip rekk riv ryk sig sit ser skin skjelv skjer skrik skriv skyt skyv slepp slit slår søv sprekk sprett spring stel stig stikk stryk står svik syng tek/tar treng veks er vert vinn |
bad bar batt beit blei brann braut drog drap drakk dreiv åt fall fór fann flaug flaut fraus fekk gav gav galdt/gjaldt grov greip gret gjekk heldt hang/hekk kom lét lét lo las låg laug naut peip rakk reiv rauk saug sat såg skein skalv skar skreik skreiv skaut skauv slapp sleit slo sov sprakk spratt sprang stal steig stakk strauk stod sveik song tok trong vaks/voks var vart vann |
har bede/bedd/bedt har bore har bunde har bite har blitt har brunne har brote har drege/dradd/dratt har drepe har drukke har drive har ete har falle har fare har funne har floge har flote har frose har fått har gitt har gjeve har golde/gjeldt har grave har gripe har gråte har gått har halde har hange har kom(m)e har late har latt har ledd/lett har lese har lege har loge har nytt/note har pipe har rokke har rive har roke har sige har sete har sett har skine har skolve har skore har skrike har skrive har skote har skove har sloppe har slite har slege/slått har sove har sprokke har sprotte har sprunge har stole har stige har stukke har stroke har stått har svike har sunge har teke/tatt har trunge har vakse har vore har vorte har vunne |
Test deg selv
Nettressurser
-
Øvingar i sterke verb
(elevrom.sprakradet. no) Øvingar i sterke verb på nettstaden til Språkrådet.