Enkelte brukere opplever problemer med å logge inn. Vi jobber med saken.

Verbbøying

Verb er ord for handlingar eller tilstandar, til dømes å tolke, å lese, å vere. I ordboka er verba markerte med v, og dei er oppførte med forma infinitiv, det vil seie den forma vi kan setje infinitivsmerket å framfor. Vi bøyer verba i ulike tider: presens (notid), preteritum (enkel fortid) og perfektum (samansett fortid):

 

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum

å tolke

tolkar

tolka

har tolka

å lese

les

las

har lese

å vere

er

var

har vore

 

Infinitivending

På nynorsk kan du velje om du vil ha endinga -a eller -e i infinitiv og skrive anten å lesa eller å lese. Her kan du gjerne velje det som samsvarar med talemålet ditt. Det er òg mogleg å bruke såkalla kløyvd infinitiv. Da skriv du -e i infinitiv i nokre verb og -a i andre. Men dette må du gjere etter bestemte reglar, og det er vanskeleg å gjere det rett. Derfor vil vi ikkje tilrå bokmålselevar å bruke kløyvd infinitiv! I denne framstillinga har vi berre tatt med –e-infinitiv.

Svake og sterke verb

Vi deler verba inn i to hovudgrupper: svake og sterke verb. Innanfor desse hovudgruppene kan ein òg dele verba inn i undergrupper. For å få rett bøying på verba må du altså vite både om verbet er svakt eller sterkt, og korleis ein bøyer dei ulike verbtypane.