Pronomen

Dei personlege pronomena har ulike former. Når pronomenet står som subjekt i setninga, bruker vi subjektsforma. Når pronomenet står som objekt eller etter ein preposisjon, bruker vi objektsforma:

 

Eintal

Subjektsform

Objektsform

eg

meg

du

deg

han

han

ho

ho/henne

det

det

   

Fleirtal

vi/me

oss

de/dokker

dykk/dokker

dei

dei

 

Noko som skil nynorsk frå bokmål, er at vi bruker han når pronomenet viser til eit hankjønnsord, og ho når det viser til eit hokjønnsord. På bokmål skriv vi den i desse tilfella:

Homo Falsus er ein spennande roman. Har du lese han?

Tarjei Vesaas har skrive novella «Naken». Du bør lese ho.

 

To andre viktige pronomen:

Bokmål

Nynorsk

hverandre

man

kvarandre/einannan

ein

Test deg selv

Nettressurser