Pronomen
Dei personlege pronomena har ulike former. Når pronomenet står som subjekt i setninga, bruker vi subjektsforma. Når pronomenet står som objekt eller etter ein preposisjon, bruker vi objektsforma:
Eintal |
Subjektsform |
Objektsform |
eg |
meg |
|
du |
deg |
|
han |
han |
|
ho |
ho/henne |
|
det |
det |
|
Fleirtal |
vi/me |
oss |
de/dokker |
dykk/dokker |
|
dei |
dei |
Noko som skil nynorsk frå bokmål, er at vi bruker han når pronomenet viser til eit hankjønnsord, og ho når det viser til eit hokjønnsord. På bokmål skriv vi den i desse tilfella:
Homo Falsus er ein spennande roman. Har du lese han?
Tarjei Vesaas har skrive novella «Naken». Du bør lese ho.
To andre viktige pronomen:
Bokmål |
Nynorsk |
hverandre man |
kvarandre/einannan ein |
Test deg selv
Nettressurser
-
Øvingar til pronomen
(elevrom.sprakradet. no) Øvingar til pronomen på nettstaden til Språkrådet. -
Øvingsrekkje til pronomen
(elevrom.sprakradet. no) Øvingsrekkje til pronomen på nettstaden til Språkrådet.