Samsvarsbøying

Etter verba vere, verte og bli får vi såkalla samsvarsbøying av perfektum partisipp-forma av verbet. Det tyder at vi bøyer partisippforma i kjønn og tal i samsvar med subjektet i setninga:

Romanen Gift er skriven av Alexander Kielland. (hankjønn)

Diktet «Til ungdommen» er skrive av Nordahl Grieg. (inkjekjønn)

Tekstane er skrivne med om lag 50 års mellomrom. (fleirtal)

 

Ved sterke verb vi ha samsvarsbøying. Når vi har svake verb, kan vi velje om vi vil ha samsvarsbøying eller ikkje:

               Segna blei/vart fortald/fortalt munnleg før ho blei skriven ned. (hokjønn)

               Eventyret blei/vart fortalt munnleg før det blei skrive ned. (inkjekjønn)

               Historiene blei/vart fortalde/fortalt munnleg før dei blei skrivne ned. (fleirtal)

 

Dersom du synest det er vanskeleg å halde styr på samsvarsbøyinga, er det enklast å bruke samsvarsbøying berre ved dei sterke verba.

Nettressurser