Parverb

Verb som å brenne og å henge er såkalla parverb. Parverb er to verb som blir skrivne likt eller nesten likt i infinitiv. Men det eine er eit sterkt verb, medan det andre er svakt:

Å brenne – brenner – brende/brente – har brent (svakt)

Å brenne – brenn – brann – har brunne (sterkt)

Å hengje/henge – hengjer/henger – hengde – har hengt (svakt)

Å henge – heng – hang – har hange (sterkt)

 

Dei svake parverba blir brukt når vi har objekt i setninga:

Dei brende flagget i protest.

Ho hengde ein plakat på veggen.

 

Dei sterke parverba blir brukt når vi ikkje har objekt i setninga:  

               Flagget brann raskt opp.

               Plakaten hang godt synleg.

 

Her er to andre parverb. Det er lett å blande dei, derfor bør du merke deg dei særskilt:

Å leggje/legge – legg – la – har lagt (Han har lagt ut eit bilde på Instagram.)

Å liggje/ligge – ligg – låg- har lege (Bildet har lege der i tre veker.)

Å setje/sette – set – sette – har sett (Vi sette diktet inn i ein kulturhistorisk samanheng.)

Å sitje/sitte – sit – sat – har sete (Vi sat i fem timar og skreiv.)

Test deg selv

Nettressurser