Bestemmarord, mengdeord og peikeord

Mengdeord

Orda ein, ei og eit (en, ei og et på bokmål) er mengdeord. Desse orda blei tidlegare kalla artiklar.

Nokre av mengdeorda blir bøygde etter substantiva dei står til. Her er dei viktigaste:

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

ein annan roman

ingen roman

nokon

ei anna novelle

inga novelle

noka

eit anna dikt

ikkje noko dikt

noko

andre tekstar

ingen tekstar

nokre/nokon

 

Merk deg at du berre kan bruke forma nokre når det er meir enn ein av noko: Eg har lese nokre tekstar frå realismen. Men i dette tilfellet kan du òg skrive nokon, dersom du synest det er enklare med færre former å halde styr på: Eg har lese nokon tekstar frå realismen. I spørsmål og nektingar kan du berre bruke forma nokon: Kjem det nokon? Eg trur ikkje det kjem nokon.

I staden for ingen og inga kan du skrive ikkje nokon og ikkje noka.

 

Peikeord

Her er dei viktigaste peikeorda:

Bokmål

Nynorsk

denne romanen

dette diktet

disse tekstene

 

begge tekstene

samme tekst

denne romanen

dette diktet

desse dikta

 

begge/båe tekstane

same tekst

Nettressurser