Bestemmarord, mengdeord og peikeord
Mengdeord
Orda ein, ei og eit (en, ei og et på bokmål) er mengdeord. Desse orda blei tidlegare kalla artiklar.
Nokre av mengdeorda blir bøygde etter substantiva dei står til. Her er dei viktigaste:
Hankjønn |
Hokjønn |
Inkjekjønn |
Fleirtal |
ein annan roman ingen roman nokon |
ei anna novelle inga novelle noka |
eit anna dikt ikkje noko dikt noko |
andre tekstar ingen tekstar nokre/nokon |
Merk deg at du berre kan bruke forma nokre når det er meir enn ein av noko: Eg har lese nokre tekstar frå realismen. Men i dette tilfellet kan du òg skrive nokon, dersom du synest det er enklare med færre former å halde styr på: Eg har lese nokon tekstar frå realismen. I spørsmål og nektingar kan du berre bruke forma nokon: Kjem det nokon? Eg trur ikkje det kjem nokon.
I staden for ingen og inga kan du skrive ikkje nokon og ikkje noka.
Peikeord
Her er dei viktigaste peikeorda:
Bokmål |
Nynorsk |
denne romanen dette diktet disse tekstene
begge tekstene samme tekst |
denne romanen dette diktet desse dikta
begge/båe tekstane same tekst |
Test deg selv
Nettressurser
-
Øvingar til mengdeord og peikeord
(elevrom.sprakradet. no) Øvingar til mengdeord og peikeord på nettstaden til Språkrådet.