Bestemmarord (determinativ)

Vi har ei rekkje såkalla bestemmarord. Desse orda blei tidlegare kalla artiklar, ubundne pronomen, eigedomspronomen og peikande pronomen. Merk deg særleg dei bestemmarorda som skil seg frå bokmål.

 

Eigedomsord

Eigedomsorda blir bøygde etter substantiva dei står til. På nynorsk er det mest vanleg å setje eigedomsordet etter substantivet:

 

 

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

1. person eintal

skolen min

boka mi

livet mitt

foreldra mine

2. person eintal

skolen din

boka di

livet ditt

foreldra dine

3. person eintal

skolen hans

boka hans

livet hans

foreldra hans

 

skolen hennar

boka hennar

livet hennar

foreldra hennar

 

skolen sin

boka si

livet sitt

foreldra sine

1. person fleirtal

skolen vår

boka vår

livet vårt

foreldra våre

2. person fleirtal

skolen dykkar/dokkar

boka dykkar/dokkar

livet dykkar/dokkar

foreldra dykkar/dokkar

3. person fleirtal

skolen deira

boka deira

livet deira

foreldra deira

 

Nettressurser