Bestemmarord (determinativ)
Vi har ei rekkje såkalla bestemmarord. Desse orda blei tidlegare kalla artiklar, ubundne pronomen, eigedomspronomen og peikande pronomen. Merk deg særleg dei bestemmarorda som skil seg frå bokmål.
Eigedomsord
Eigedomsorda blir bøygde etter substantiva dei står til. På nynorsk er det mest vanleg å setje eigedomsordet etter substantivet:
|
Hankjønn |
Hokjønn |
Inkjekjønn |
Fleirtal |
1. person eintal |
skolen min |
boka mi |
livet mitt |
foreldra mine |
2. person eintal |
skolen din |
boka di |
livet ditt |
foreldra dine |
3. person eintal |
skolen hans |
boka hans |
livet hans |
foreldra hans |
|
skolen hennar |
boka hennar |
livet hennar |
foreldra hennar |
|
skolen sin |
boka si |
livet sitt |
foreldra sine |
1. person fleirtal |
skolen vår |
boka vår |
livet vårt |
foreldra våre |
2. person fleirtal |
skolen dykkar/dokkar |
boka dykkar/dokkar |
livet dykkar/dokkar |
foreldra dykkar/dokkar |
3. person fleirtal |
skolen deira |
boka deira |
livet deira |
foreldra deira |
Test deg selv
Nettressurser
-
Øvingar til eigedomsord
(elevrom.sprakradet. no) Øvingar til eigedomsord på nettstaden til Språkrådet.