Nynorske ord og uttrykksmåtar
Ordtilfanget på bokmål og nynorsk er i stor grad det same, sjølv om ein del ord blir skrivne og bøygde ulikt i dei to målformene. Det er òg ein del bokmålsord du ikkje kan bruke på nynorsk.
«An-be-het-else»-ord
Forstavingane an-, som i anklage, og be-, som i begravelse, er forstavingar vi har fått inn i bokmålet frå tysk. Det same gjeld endingane -else, som i forelskelse, og -het, som i kjærlighet. Det er vanleg å kalle ord som inneheld desse stavingane, for an-be-het-else-ord. Du kan bruke ein god del av dei i nynorsk, men du må skrive -heit i staden for -het, som i nyheit, og du må bøye heit-orda som hokjønnsord.
I nokre tilfelle må du bruke andre ord. Det gjeld blant anna desse an-be-het-else-orda (lista er ikkje fullstendig):
Bokmål |
Nynorsk |
anklage ansette antakelig antall avgjørelse begravelse begrense begrep begrunne begynnelse begå selvmord bekymring beskylde ensomhet forbrytelse fortsettelse frihet helhet hemmelighet innflytelse kjærlighet ledelse likhet medlidenhet mulighet nærhet oppmerksomhet oversettelse rettferdighet rettighet samvittighet selvstendighet tillatelse trygghet tålmodighet uenighet virkelighet ærlighet |
skulde tilsetje/tilsette truleg, antakeleg tal på, mengd (f) avgjerd, avgjersle (f) gravferd (f) avgrense omgrep (n) grunngi/grunngje begynning, byrjing gjere sjølvmord otte (m), sut (f) skulde/skylde einsemd (f) brot(t)sverk (n) framhald, vidareføring, fortsetjing fridom (m) heilskap (m) løyndom (m), løynd (f), hemmelegheit (f) innverknad (m) kjærleik (m) leiing (f) likskap (m) medkjensle (f) utveg, sjanse (m), moglegheit (f) nærleik (m) (opp)merksemd (f) omsetjing (f) rettferd (f) rett (m) samvett, samvit (n) sjølvstende (n) løyve (n), lov (m/f), tillating tryggleik (m) tolmod (n) usemje (f) verkelegheit (f), røyndom (m) ærlegdom (m) |
Fleire viktige ord som er ulike på bokmål og nynorsk:
Bokmål |
Nynorsk |
allerede allikevel annerledes bare bedre bo budskap dyp egen ellers for øvrig foran foregå forhånd forrige fortsatt fremskritt gjentakelse gjøre grusom hellig hensyn hevne hjem hjerte hode imidlertid innlede, innledning kilde klær lede, en leder løpe lyve middelalderen morsom muntlig ond, ondskap, ondskapsfull oppgave oversette saga sagn samme sammen, sammensatt savne se selv selvstendig selvfølgelig si spille spise spørre sted syk tegn til stede tro, en tro tross alt verden virkemiddel vold, voldta uke utgi utsagn øst øye øyeblikk århundre |
alt, allereie likevel annleis berre betre bu bodskap (n/m) djup eigen elles elles føre, framfor gå føre seg, hende førehand førre framleis framsteg (n) gjentaking (f), oppatt-tak (n) gjere fæl, hjartelaus, rå, grufull heilag omsyn hemne heim (m) hjarte (n) hovud (n) likevel innleie, innleiing kjelde (f) klede (fleirtal) leie, ein leiar laupe, springe lyge, ljuge mellomalderen morosam munnleg vond, vondskap, vondskapsfull oppgåve (f) setje om/sette om, omsetje/omsette soge (f) segn (f) same saman, samansett sakne sjå sjølv sjølvstendig sjølvsagt seie spele ete spørje stad (m) sjuk teikn til stades tru, ei tru trass alt verd (f) verkemiddel (n) vald, valdta veke (f) gi/gje ut utsegn (f) aust auge (n) augneblink (m) hundreår (n) |