Adjektiv
Adjektiv er ord som skildrar korleis substantiv er eller ser ut, for eksempel pen, morosam, grøn. Vi bøyer adjektiva i kjønn og tal etter substantiva dei står til:
ein grøn bil – ei grøn dør – et grønt hus – grøne blad
Adjektiva eigen, liten og open har spesiell bøying:
Hankjønn |
Hokjønn |
Inkjekjønn |
Fleirtal |
hans eigen artikkel ein liten bokstav ein open slutt |
hennar eiga novelle ei lita skrift ei open haldning |
ditt eige talemål eit lite bilde eit ope eller opent samfunn |
våre eigne tekstar små(e) bilde opne samfunn |
Merk deg at den/det lille på bokmål heiter den/det vesle eller den/det litle på nynorsk.
Adjektiv kan òg bli gradbøygde med endingane -are og -ast eller med orda meir og mest:
pen – penare – penast
komplisert – meir komplisert – mest komplisert
Desse adjektiva har uregelrett bøying:
få(e) – færre – færrast
mykje – meir – mest (ikkje meist!)
mange – fleire – flest (ikkje fleist!)
Merk deg òg at adjektiva farleg, vanskeleg og viktig ikkje blir trekte saman i superlativ på nynorsk:
Bokmål |
Nynorsk |
farlig – farligere – farligst vanskelig – vanskeligere – vanskeligst viktig – viktigere - viktigst |
farleg – farlegare – farlegast vanskeleg – vanskelegare – vanskelegast viktig – viktigare - viktigastAdjek |
Test deg selv
Nettressurser
-
Øvingar til adjektiv
(elevrom.sprakradet. no) Øvingar til adjektiv på nettstaden til Språkrådet.