Adjektiv

Adjektiv er ord som skildrar korleis substantiv er eller ser ut, for eksempel pen, morosam, grøn. Vi bøyer adjektiva i kjønn og tal etter substantiva dei står til:

 

ein grøn bil – ei grøn dør – et grønt hus – grøne blad

 

Adjektiva eigen, liten og open har spesiell bøying:

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

hans eigen artikkel

ein liten bokstav

ein open slutt

hennar eiga novelle

ei lita skrift

ei open haldning

ditt eige talemål

eit lite bilde

eit ope eller opent samfunn

våre eigne tekstar

små(e) bilde

opne samfunn

 

Merk deg at den/det lille på bokmål heiter den/det vesle eller den/det litle på nynorsk.

 

 

Adjektiv kan òg bli gradbøygde med endingane -are og -ast eller med orda meir og mest:

 

pen – penare – penast

komplisert – meir komplisert – mest komplisert

 

Desse adjektiva har uregelrett bøying:

               få(e) – færre – færrast

               mykje – meir – mest (ikkje meist!)

               mange – fleire – flest (ikkje fleist!)

Merk deg òg at adjektiva farleg, vanskeleg og viktig ikkje blir trekte saman i superlativ på nynorsk:

Bokmål

Nynorsk

farlig – farligere – farligst

vanskelig – vanskeligere – vanskeligst

viktig – viktigere - viktigst

farleg – farlegare – farlegast

vanskeleg – vanskelegare – vanskelegast

viktig – viktigare - viktigastAdjek

Test deg selv

Nettressurser