Dialektriket, NRK-serie

I nettressursen under kan du se alle episodene i første sesong av NRK-serien Dialektriet. På en underholdende måte kan du lære om norske dialekter og om hvilket forhold nordmenn har til dialektene. Under nettlenkene står en episodebeskrivelse.

Nettressurser

  • Episode 1

    (tv.nrk.no)
    Episodebeskrivelse (NRK) Kva er det med desse dialektane her i landet? Korfor gjer dei oss så glade og stolte, og samtidig så sinte og såre? Programleiar Yasmin Syed prøver å finne ut kor spesiell tilstanden i dialektriket Noreg eigentleg er og blir dratt inn i ein dialektgalskap ho ikkje visste om. Kan det bli for mykje av det gode? Forstår me kvarandre? Norsk serie om nordmenn og dialektar. (1:6)
  • Episode 2

    (tv.nrk.no)
    Episodebeskrivelse (NRK) Yasmin Syed møter leiaren i supporterklubben til Brann, Roger Lillebøe-Hansen, som har eit brennande hjarte for Bergen. Men kva er galt med dialekten hans? Kan ein vera ekte bergensar utan å snakke bergensk? Norsk serie om nordmenn og dialektar. (2:6)
  • Episode 3

    (tv.nrk.no)
    Episodebeskrivelse (NRK) Yasmin Syed møter Christine Natalie Meyer frå Fredrikstad som blir flau kvar gong ho høyrer dialekten sin på tv. Korfor skal nokon skamma seg over dialekten? Går det an å endra det norske dialekthierarkiet? Norsk serie om nordmenn og dialektar. (3:6)
  • Episode 4

    (tv.nrk.no)
    Episodebeskrivelse (NRK) Yasmin Syed møter keeperhelt Frode Grodås, som la om dialekten, eller begynte å "knote", då han gjorde karriere. Korfor føler bygdefolket at han svikta dei, og kva skjer når den bortkomne sonen vender heim? Kan Hornindal tilgje bygdas store son? Norsk serie om nordmenn og dialektar. (4:6)
  • Episode 5

    (tv.nrk.no)
    Episodebeskrivelse (NRK) Yasmin Syed møter Geir Nesbakk som er villig til å gå i krigen for å behalda den flotte rulle-r-en sin. Men skarre-r-en er alt på full fart inn i Bremanger. Kan ein stoppa ei dialektendring? Kva er me eigentleg redde for? Norsk serie om nordmenn og dialektar. (5:6)
  • Episode 6

    (tv.nrk.no)
    Episodebeskrivelse (NRK) Yasmin Syed møter Eirik Høyme Rogn, som bur i eit område i dialektkrise. For same kor mykje valdresdialekt foreldra og besteforeldra snakkar, så høyrest barna ut som om dei kjem frå Oslos beste vestkant. Held dialektane våre på å døy ut? Kva kan Eirik og dei andre gjera for å bevara dialekten? Norsk serie om nordmenn og dialektar. (6:6)