Langsvaroppgåver (nynorsk)

 

Her er fire eksempel på langsvaroppgåver (del B på eksamen). På eksamen skal du svare på éi slik oppgåve i tillegg til den obligatoriske kortsvaroppgåva. Overskrifta lagar du sjølv. 

Les om korleis du svarar på ei langsvaroppgåve på sidene 50-52 i læreboka. Eksempel på korleis du kan skrive ein langsvartekst finn du på sidene 54-57 i læreboka. 

 

Oppgåve 1

Vedlegg: Drager og helgener. Frå Drager. Mellom myte og virkelighet, Torfinn Ørmen, 2005. (Du finn teksten på side 319 i Kontakt Påbygging.)

Legenda om Sankt Georg og draken er ei av mange forteljingar om heltar som overvinn vonde vesen. Skriv ein resonnerande tekst der du reflekterer rundt kvifor dette motivet er så mykje brukt i kunst og litteratur. I teksten din bør du komme med fleire eksempel på slike forteljingar frå kulturhistoria eller vår eiga tid.

Kommentar: Når du skal reflektere, bør du komme med ulike forklaringar på kvifor motivet er mykje brukt. Du skal vise til tekstvedlegget og fleire litterære tekstar, filmar eller andre kulturuttrykk du kjenner til.

 

Oppgåve 2

Vedlegg: Peer Gynt (utdrag), David Zane Mairowitz og Geir Moen, 2014. Teikneserieroman basert på Henrik Ibsens Peer Gynt. (Du finn teksten på sidene 359-362 i Kontakt Påbygging.)

Analyser den samansette teksten.

Kommentar: Når du skal analysere teksten, skal du skrive om både innhald og form. Du skal finne verkemiddel både i bileta og teksten, og du skal skrive om samspelet mellom dei.

 

Oppgåve 3

Vedlegg: «Voggesang for ein bytting», Halldis Moren Vesaas, 1955. (Du finn teksten på side 425 i Kontakt Påbygging.)

Tolk diktet og plasser det i ein kulturhistorisk samanheng.

Kommentar: Oppgåva er todelt. Når du tolkar, skal du skrive om både motivet, forma og tematikken i diktet. Når du plasserer det i ein kulturhistorisk samanheng, skal du vise kunnskap om litteratur og samfunn på den tida diktet blei skrive. I denne oppgåva kan det også vere relevant å trekkje inn kunnskap om folkedikting.

 

Oppgåve 4

Vedlegg:

  • Drager og helgener. Frå Mellom myte og virkelighet, Torfinn Ørmen, 2005. (Sjå side 319 i Kontakt Påbygging.)
  • Peer Gynt (utdrag), David Zane Mairowitz og Geir Moen, 2014. Teikneserieroman basert på Henrik Ibsens Peer Gynt. (Sjå sidene 359-362 i Kontakt Påbygging.)
  • «Voggesang for ein bytting», Halldis Moren Vesaas,1955. (Sjå side 425 i Kontakt Påbygging.)

I alle dei tre vedlegga får vi høyre om ulike overnaturlege vesen. Kanskje kan slike skapningar representere noko vi fryktar - det som er annleis enn oss sjølve, eller ulike krefter i eller rundt oss? Skriv ein kreativ tekst der du utforskar korleis det overnaturlege kan representere ulike truslar for mennesket. Ta utgangspunkt i eitt eller fleire av vedlegga.

Kommentar: Denne oppgåva opnar for ulike løysingar, men det skal komme tydeleg fram av svaret ditt at du bruker eksempel eller idear frå eit eller fleire tekstvedlegg. Du kan vise kreativitet i dei innfallsvinklane og perspektiva du vel, og i måten du bruker språket på.