Kortsvaroppgåver (nynorsk)

Nedanfor finn du to kortsvaroppgåver som liknar tidlegare eksamensoppgåver. Kortsvaret er obligatorisk, og alle skal svare på den same oppgåva. Teksten din skal vere på omlag 250 ord. 

 

Oppgåve 1

Vedlegg: «Som i en kinosal», Paal Brekke, 1965. (Du finn teksten på side 421-422 i Kontakt Påbygging.)

Gjer greie for modernistiske trekk i diktet.

Kommentar: I svaret ditt skal du vise til konkrete eksempel frå teksten. Du bør finne modernistiske trekk både ved forma og innhaldet i diktet.

 

Oppgåve 2

Vedlegg: «Slaveri» fra Encyclopédie, 1751–1772. (Du finn teksten på sidene 338-339 i Kontakt Påbygging.)

Gjer kort greie for det synet på slaveriet som kjem fram gjennom artikkelen. Korleis heng dette synet saman med sentrale idear i opplysningsfilosofien?

Kommentar: Oppgåva er todelt. Du skal først gjere reie for kva teksten seier om slaveri, og deretter sjå dette i samanheng med idear i opplysningsfilosofien.